mandag 27. desember 2010

Vermelding 27.desember 2010

Klokka er no12.30, temperaturen har stige til minus 10 grader C, og veret er like fint som før.Eg må innrømme at eg er stuegris når det er kaldt, har IKKJE lyst ut.I dag måtte eg ta fram støvsugaren og køyre rundt med den før eg fekk opp tempen i kroppen. Forresten var behovet for litt opprydding nokså reelt.Nils kavar på med sitt, han er vaktmeisten for to hus i tillegg til vårt eige.
Lars var innom med tørt høy som Nils skulle ha til å lage seng til Advokatten.Det er ikkje så greitt å vere villkatt i slike tider.
Bildet over har eg knipsa frå trappa, det viser at sola ikkje er så veldig langt borte. Bildet under har eg tatt frå altanen.Dette er så langt eg kjem utan å ta på meg sko.Latskapen og frosten er stor.

søndag 26. desember 2010

Vermelding 26.desember 2010

Klokka er 19.30, det er minus 12 grader ute og veret er framleis like fint. Har ikkje tatt bilde i dag, men det er grenser for kor mange variantar det fint av utsikta vår frå altanen eller trappa. I dag har Solveig og Margrete +fam.vore her til middag og kaffi. Solveig har skrive meir om det.
No er huset i orden igjen, sånn nokonlunde, og det er tid for julenøtter -på TV denne gongen.

torsdag 26. august 2010

Vermelding 26.august 2010

Klokka er snart 16, og vi har nettopp ete middag.Vi er litt ute av takt i dag.
Ute er det overskya, litt regn av og til og +15 grader. Nils fyrer litt i omnen for å gjere det litt triveligare inne.

I lag vart det ein sånn lapredag. Eg skulle til frisør klokka 11.30, og etterpå skulle vi handle inn mat etc.
Frisørdama mi ville ikkje klippe meg noko særlig i dag, men ville eg skulle halde fram med prosjektet "vekk med luggen"-og slik vart det. Nakken vart klipt kort. Etter at eg var ferdig der, var vi på Coop, Amfi og handla mat. Forstår ikkje kven som et opp alt vi kjøper......Kjøpte ferdiggrilla kylling som vi åt då vi kom heim.
Måtte ein tur opp i Gågata og kike litt også, på dei få butikkane som er att. Der har det kome ein ny interiørbutikk i ein stil vi ikkje har før.Stilen er  "Fransk landsens stil, med rot i 50-talet", så det var litt artig å sjå slikt som ein hugsar att.
Varene er sjølvsagt nyproduserte, men i gammal stil. Det er berre det at det passar liksom ikkje inn her i vår minimalisme. For å ikkje gå heilt tomhendt ut att, kjøpte eg dette brettet. Dei hadde eitt i grønt også, men eg var redd det var feil grønfarge. Eg angrar litt, så kanskje eg kjøper det også?