torsdag 26. august 2010

Vermelding 26.august 2010

Klokka er snart 16, og vi har nettopp ete middag.Vi er litt ute av takt i dag.
Ute er det overskya, litt regn av og til og +15 grader. Nils fyrer litt i omnen for å gjere det litt triveligare inne.

I lag vart det ein sånn lapredag. Eg skulle til frisør klokka 11.30, og etterpå skulle vi handle inn mat etc.
Frisørdama mi ville ikkje klippe meg noko særlig i dag, men ville eg skulle halde fram med prosjektet "vekk med luggen"-og slik vart det. Nakken vart klipt kort. Etter at eg var ferdig der, var vi på Coop, Amfi og handla mat. Forstår ikkje kven som et opp alt vi kjøper......Kjøpte ferdiggrilla kylling som vi åt då vi kom heim.
Måtte ein tur opp i Gågata og kike litt også, på dei få butikkane som er att. Der har det kome ein ny interiørbutikk i ein stil vi ikkje har før.Stilen er  "Fransk landsens stil, med rot i 50-talet", så det var litt artig å sjå slikt som ein hugsar att.
Varene er sjølvsagt nyproduserte, men i gammal stil. Det er berre det at det passar liksom ikkje inn her i vår minimalisme. For å ikkje gå heilt tomhendt ut att, kjøpte eg dette brettet. Dei hadde eitt i grønt også, men eg var redd det var feil grønfarge. Eg angrar litt, så kanskje eg kjøper det også?